Eit utval med det spennande namnet Framtidsutvalet, oppnemnt av Språkrådet, har i november 2018 lagt fram rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur. Rapporten gjer opp status for norsk språkpolitikk ti år etter Stortingsmelding nr. 35 (2007/2008), Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, og tilrår målretta arbeid på mange innsatsområde for å sikre at norsk språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk skal stå sterkt i framtida òg. Situasjonen no er prega av fleirspråklegheit, mediespråk i endring, språkteknologi i frammarsj, stadig meir bruk av engelsk i utdanning og arbeidsliv, bokmålsdominans over nynorsk, dialektbruk på alle arenaer, nasjonale minoritetsspråk under press, og mange nye minoritetsspråk som følgje av innvandring.

Eit eige kapittel oppsummerer stoda for kvensk: Det kvenske språket er svært trua, men eit revitaliseringsarbeid er i gang. Kvensk grammatikk er utarbeidd og kvensk skriftspråk standardisert, nettordbok finst, men ordbokverk manglar. Kvenskspråklege media finst, men i svært avgrensa omfang. Stadnamnlova omfattar også kvenske stadnamn. Opplæringslova gir rett til opplæring i kvensk og finsk som andrespråk. Målrettet plan 2017-2021 har tiltak for barnehage, undervisning, forsking og kultur. Kvensk lærarutdanning er på plass frå 2019. Rapporten drøftar årsaker til nedgang i elevtal med kvensk og finsk som andrespråk, og tilrår at opplæringstilbodet i kvensk blir styrka. Språkrådet har eit særleg ansvar for norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, og utvalet tilrår at staten sitt ansvar for å verne og fremje desse språka må lovfestast i den komande språklova.

Som heilskap gir rapporten ny innsikt i språktilstand og utviklingstendensar i språkbruk på mange samfunnsområde og er nyttig og viktig lesnad for alle som arbeider med eller er opptekne av språk på ein eller annan måte. Det er verd å merke seg at Framtidsutvalet meiner at Språkrådet må få eit tydelegare ansvar for å fremje toleranse og respekt for heile det språklege mangfaldet, ikkje berre for norsk språk. Rapporten peikar også på at mytar om fleirspråklegheit er i omløp, og at Språkrådet aktivt bør arbeide med å bygge forståing for kva fleirspråklegheit faktisk er og korleis det verkar i eit samfunn.

Språk i Norge – kultur og infrastruktur. Språkrådet, 2018. Tekst på norsk og kvensk. https://www.sprakradet.no/globalassets/diverse/sprak-i-norge_web.pdf

Click to listen highlighted text!