Alf Nilsen-Børsskog (1928-2014) sitt store livsverk er romanserien Elämän jatko i fire bind, utgitt 2004-2015. Språkleg har bøkene danna mønster for det kvenske språkarbeidet, og også innhaldsmessig er det litteratur som set spor. Språkmedarbeidar Merethe Eidstø ved Kainun institutti – Kvensk institutt er ein kjennar av Nilsen-Børsskogs forfattarskap. Ho seier at romanserien representerer ei nyvending i kvenskildringstradisjonen. Serien fortel om ein kvensk familie i Børselv, Porsanger i evakuering, gjenreising og etterkrigstid, etter kvart med den unge mannen Are i hovudrolla. Kvenskheit og identitet er ikkje alt. Forfattaren legg vekt på samhald og relasjonar mellom menneske, og han tek opp filosofiske og etiske spørsmål knytt til krig, og til livet i det heile. Den verkelege kampen i tilværet står mellom sivilisasjon og barbari.

I 2018 kom det ein oppfølgjar til romanserien, ein innleiande del om tidlege år i Are sitt liv. Handlinga er lagt til 1930-talet og skildrar oppvekst og skulegang i Børselv. For Are er det ei god tid, og sjølv om han ikkje forstår alt av skulespråket, har han utbyte av å lære seg det mest nødvendige. Så kjem meldinga om tysk invasjon i Noreg, og alt blir annleis. Alf Nilsen-Børsskog skreiv alle bøkene sine på kvensk. Sidan dette enno er eit språk som berre eit mindretal kan, er det mange som ønskjer at det kan kome norske utgåver av forfattaren sine bøker.

Alf Nilsen-Børsskog. Varhaiset vuođet : elämän alku. Iđut, 2018. 416 s. Kvensk tekst.

Click to listen highlighted text!